Kross frå 800-talet funnen i Sogn

Ei støypeform for krossar vart i juni 2013 funnen i Vik i Sogn. Den kastar nytt lys over kristninga av Norge.

Denne støypeforma i Sogn er frå 800-talet, eit vitne om når den kristne trua kom til landet.

Denne støypeforma i Sogn er frå 800-talet, eit vitne om når den kristne trua kom til landet.

Arkeologane meiner funna kan vere frå før år 900, og set dateringa til mellom 850 og 900. Kristninga av Norge blir vanlegvis knytt til slaget ved Stiklestad i 1030, men funnet som det som er gjort i Vik kan få innverknad for korleis historia vår blir skriven.

– Vi grip på ein måte rett inn i brytingstida mellom heidendom og kristendom. Grava i seg sjølv er eit heidensk symbol, men nærast som ei heilgardering har dei spedd på med litt kristendom, seier Åstveit.

Støypeforma dei har funne meiner han er eit bevis på at det ar blitt støypt og produsert kross i Vik på eit tidleg tidspunkt.

– Det er ikkje berre snakk om objekt dei har fått tak i på plyndringstokt eller som ei handelsvare, men dei har faktisk blitt produsert her.

– Kanskje kan ein då sjå for seg at kristendommen var meir etablert på den tida, og det er veldig interessant, seier Åstveit.

Ein kross rissa inn i kleberstein fortel nemleg om sterke kristne impulsar, og det lenge før Norge vart omvendt til kristendommen.

Kjelde: NRK.no

About ivarfjeld

Born in Bergen, Norway in 1965
This entry was posted in Vestlandet and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s